Personvern

Personopplysninger

Morgonsamling, 4.kl.

Morgonsamling, 4.kl.
Før påske hadde 4. klasse ved Eidså skule øvd og laga til morgonsamling for dei andre klassene.
Klassen hadde jobba godt med replikkane i eventyret om "Snehvit og de syv dvergene". Eventyret var så langt at vi hadde tre forteljarar, som las høgt og tydeleg. Kvar elev tok med kostyme heimanfrå eller brukte noko vi hadde på skulen. Dronningar og prinsesse hadde fine kjolar. Dei sju dvergane hadde tøffe luer og fine, heimesnekra hakker. Elevane framførte eventyret med innleving og tydelege replikkar. Alle gjorde sitt beste. Publikum følgde godt med og var musestille. I tillegg hadde 4. klassen lært seg ein ny song på engelsk med fengjande melodi: "All I need is a friend". Takk for flott innsats!