Personvern

Personopplysninger

Matematikkens dag

Matematikkens dag
Fredag 08.02.08 hadde vi Matematikkens dag på Eidså skule. 1. og 2. klasse hadde eigne aktivitetar fram til lunsj. Det samme hadde 3. og 4. klasse. Etter matpausen jobba vi i alders-blanda grupper oppe på skulen og nede på Eidsåtun.
1. og 2. klasse spelte Ludo og div. reknespel, Klovnespel, Sjansespel og Først til 20. 3. og 4. klasse spelte Kakuro, Tiarvenn-spel, multiplikasjonsspel og diverse kortspel. Dei bretta òg papirfly, og konkurrerte om å kaste dei lengst. Etter matpausen hadde gruppene på Eidsåtun Bowling, kaste på blink, tippe og måle lengda på elevane i gruppa, og tippe og måle vekta på ein stein, volum på vatn i ei kasserolle, og lengda på eit tau. Oppe på SFO bygde vi med Jovo-brikker og Lafte-pinnar, og vi la Tangram-brikker i ulike mønster. Alle hadde nok å gjere. Vi lærte mykje, og det var berre blide fjes å sjå. Ein kjekk dag!