Personvern

Personopplysninger

Førstehjelpskurs

Førstehjelpskurs
Tilsette i barnehagen tok del på førstehjelpskurs arangert av Akuttkompetanse, Fosnavåg
Alle skular og barnehagar skal med jamne mellomrom gjennomgå kurs i førstehjelp. Tidlegare har Vanylven hatt lokale kurshaldarar som enten har vore knytt til Norsk Folkehjelp eller Røde Kors. I år var det uråd å få tak i godkjende instruktørar lokalt. Akuttkompetanse vart valt. Dette firmaet har kursa alle skular og barnehagar i Herøy kommune. I alt 12 tilsette i dei kommunale barnehagane var samla til kurs på Rådhussalen. Her vart det gjennomgått mykje teori, men deltakarane fekk også høve til å øve på dukker som instruktøren Jan-Erik Bjørlykke hadde med. Deltakarane uttrykte at det var eit nyttig kurs. Mykje var kjent frå før, men det gjorde godt med påminningar. Dei to-tre tilsette frå kvar barnehage vil ta med kunnskapen tilbake til dei andre tilsette og sette fokus på førstehjelp i barnehagen også dette året.