Personvern

Personopplysninger

Skuleleiarsamling

Skulen er i stadig endring og det er difor viktig at dei som skal leie skulen får oppdatering og nytt påfyll. På samling den 27 og 28. september, var leiing og kvalitetsvurdering tema.

Gjert Langfelt ved Høgskulen i Agder holdt plenumsforedrag om korleis leiinga ved ein skule er avgjerande for innføring av Kunnskapsløftet. Han peika på utfordringar for leiarar ved eigen skule.

Aktuelle problemstillingar: Kven styrer skulen? Korleis vert skulen styrt? Kven kontrollerar om skulen vert styrt etter intensjonane?
Korleis vert ein skule utforma der tilhøva mellom tillit og kontroll er varierande?
Ein skule som var i utvikling, som fekk stimulering, var ein skule med høg tillit og høg kontroll.
Gjert var også oppteken av at vi måtte vere flinkare til å oversette alt skulen held på med til offentlegheita.
Nasjonale prøver vart eit døme her. Folk flest veit nok kva dette er, men korleis skulen kan gjere seg nytte av desse prøvene er skulen lite flinke til å formidle vidare.

Arne P. Sunde frå skulekontoret i Stryn fortalde frå arbeidet med kvalitetsvurderingsystemet som ein del kommunar i Sogn og Fjordane hadde utvikla.
Sunde peika på årsrapporten - verksemdplanen som gode styringsdokument.