Personvern

Personopplysninger

FØRSTE VÅRDAG I BARNEHAGEN 23.03

FØRSTE VÅRDAG I BARNEHAGEN 23.03
SOLA SKIN FRÅ HEILT BLÅ HIMMEL. Ho varmar ikkje så veldig godt enno, men Rovde barnehage er på tur.
Vi pakkar i sekkane, tek på refleksvestane og dreg på tur! Etter mange dagar med regn og vind skal vi no nyte denne flotte dagen. I lødeveggen på Slettebakken er det lunt og fint. Der tek vi ein pust i bakken. Vigdis har kokt kakao, så no kan vi kose og godt med kakao og nistepakke. Etter at vi har ete fortel Astrid oss om påske og palmesøndag. Småfuglane og snøklokkene får også høyre dei fine påskesongane vi kan. Når samlinga er over er det nokon som må ta seg ein kvil i vogna, medan andre ikkje klarer å halde augene opne og tek seg ein uplanlagd kvil i solveggen. Men ikkje for lenge for no..... No skal vi ut på bjørnejakt. Vi er bevepna og lurer oss opp i skogen. Bjørnane må ikkje høyre at vi kjem. Vi har eit dyktig jaktlag, og mange bjørnar vert felt denne formiddagen. På veg attende til "basen vår" oppdager nokon av barna noko spanande......................... "Astrid, kom å sjå her er Jesus sitt kors!" Lærdomen frå samlingsstunda er ikkje glømd, sjølv om vi er ute på spanande bjørnejakt!