Personvern

Personopplysninger

Småskulen på gardsbesøk

Småskulen på gardsbesøk
Tysdag 13. mars var småskulen på besøk i kufjøset til Kari Einbu og Paul Sindre Vedeld.
Der fekk vi lære korleis ein dag i kua sitt daglege liv er. På skulen hadde vi lært at kua har 4 magar, men det fekk vi ikkje undersøkje. Derimot fekk vi sjå at dei hadde jur med 4 spenar og at dei hadde klauver. Kvigene fekk også besøk av oss, men det kjekkaste var likevel dei fine, små kalvane. Mange av oss våga oss enda til å la dei ”sutte” på fingrane våra. Det kila litt i byrjinga, men det gjekk fort over. I ein binge for seg sjølv, låg ein nyfødt kalv og han fekk også sjå. Vi hadde 2 kjekke timar i fjøset før vi måtte tilbake til skulen. Men fyrst måtte Øystein vise oss gjetarhundane på garden. Den eine hadde han endatil lært opp til å sitje på leiketraktoren sin.