Personvern

Personopplysninger

Sunt og godt !

Vi markerer slutten på "Petter Puls" !

I haust har storskulen jobba med opplegget "Petter Puls" i Mat og helse. Vi har lært om kropp og helse, og om kva mat kroppen treng og har godt av. Opplegget har vi fått av helselaget på Rovde (takk skal de ha ! ). Fredag 1. desember markerte vi at vi no er ferdig med Petter Puls, og kva betre måte å gjere dette på fins det enn eit sunt og godt måltid ? Vi hadde bakt grove rundstykke, og laga ein god pastasalat med ulike sortar pasta, issalat, tomat, agurk, paprika, kvitost og bogskinke. Alle kosa seg og erfarte at mat både kan vere sunn og god på ein gong !