Personvern

Personopplysninger

Skuletur rundt Hovda

Fredag 19. mai var storskulen på kombinert skule- og ekskursjonstur til festningsverket og bunkersane på Åram, innom museet i gamleskulen på Hakallestranda, snartur nedom Sandviksanden og besøk med omvising på vassverket på Fiskå.
På Åram vart vi møtt av Helge Kragset som orienterte om festningsverket her og viste oss rundt i heile området. Han hadde også laga til kart og oppgåver til elevane. Kjempefint og svært interessant for elevane og oss vaksne. Etter ei kort matykt i fjøra der fekk vi omvisning i museet i gamleskulekjellaren. Elevane syntest der var mykje interessant og både Helge og Harald Sætrevik viste og fortalde om gamle ting. Etter ein kort svingtur ned til Sandviksanden for vi til vassverket på Fiskå. Her fekk vi omvisning av Magne Lundehaug frå teknisk etat. Dette var og interessant og lærerikt. Elevane oppførte seg fint og høyrde for det meste interesserte med i det som blei formidla. Ein stor framgang frå førre utflukt. Fint ! Slik skal det vere. Dette lovar også godt for den store skuleturen vår til badeland ved Alexandra i Loen med stopp i Stryn for pizza og brus. Vi gler oss til denne turen som blir den 13. juni.