Personvern

Personopplysninger

Verdas bokdag

Vi markerer 10 -årsjubileet !

23. april vert verdas bokdag markert over heile verda. I år vart markeringa lagt til mandag 24. april, og dette er den tiande Verdas Bokdag i Noreg ! På Rovde skule feira vi jubileet med ein utvida lesesiesta for store og små. Alle fann seg ein krok eller ei madrass, og kosa seg med bøker. Nokre store fann seg ein liten "lesekompis" og starta dagen med høgtlesing . Ein fin start på veka !