Personvern

Personopplysninger

karneval!

7. trinn arrangerte karneval den torsdag den 16. februar.
7. trinn hadde karneval rett før vinterferien, torsdag 16. februar. Karnevalet vart halde i gymsalen på Myklebust skule, frå 17:30 - 20:00. Alle mellom 0år og til og med 7. trinn vart bedne. Foreldre var her også, men det var mest for å passe på ungane deira. Inngangspengane var 20 kr for barn og foreldre fekk sleppe inn gratis. Vi hadde også kiosk, med godteri, brus, potetgull og pølser. vi hadde mange leikar også, bla. limbodans, stolleiken, potetleiken og ballongleiken. Vi hadde premieutdeling seinare på kvelden for kulaste, beste, skumlaste, morsomaste, mest oppfinnsomme og søtaste kostyme. Vi hadde vakter også, men dei trengte ikkje å anstrenge seg i det heile, for kvelden gjekk fint og roleg føre seg.