Personvern

Personopplysninger

Kursdag i barnehagane

Kursdag i barnehagane
Den 14.oktober var alle barnehage-tilsette samla på rådhussalen til felles kursdag

Rovde barnehage v/Wivi-Ann J. Koppen og Vigdis Moltu presenterte prosjektet sitt: "Språksprell i barnehagen".
Karianne Taklo og Brit Irene Kvamme presenterte "Sprusikk" - eit kurs dei og andre frå barnehagane hadde vore på.

Etter ei matøkt jobba dei tilsette med ny rammeplan for barnehagen og etter det var det rom for ideutveksling - Kva fungere flott i vår barnehage? Kva vil eg dele med dei andre? Kva er eg interessert å vite meir om frå dei andre barnehagane.

Ein god og vellukka dag!

I arbeidet med ny rammeplan skulle kvar gruppe jobbe med kvar sitt kapittel. Her vert det notert ned stikkord. Desse notatane ligg som fil til venstre.