Velkomen til sidene for barnehagar og skular i Vanylven

Her vil kvar barnehage/oppvekstsenter/skule legge ut informasjon, presentere aktivitetar og legge opp til at sidene kan vere eit aktivt bindeledd mellom avdelingane og brukarane.


Arbeid med arbeidsplanar i dei ulike klassene vert framleis prioritert. Elevane vil også finne oppgåver knytt til arbeidsplanen sin.
I fagmappene vil ein finne årsplanar, faglenker, ulike undervisningsopplegg, skriveverkstadar m.m

Vi håpar på aktiv bruk av denne læringsplattforma!!

NYTTÅRSBALL

Det vert berre betre og betre år for år!! Flott levert 10.klasse på Åheim skule!!
 
 

HAUSTTUR TIL RØVEHAMMAREN

DAGEN FØR HAUSTERIEN HADDE SMÅSKULEN PÅ ÅHEIM EIN FLOTT TUR TIL RØVEHAMMAREN.
 

SKULEVAL

Åheim skule hadde skuleval fredag den 9.09. Vi noterar at Sp og FrP gjorde gode val.
 
 

Lokalhistorisk tur

Kvart tredje år tek ungdomsskulen på Åheim ei lokalhistorisk vandring mot områda Berge, Kvilehytta, Vaulvatnet og Jetmund-steinen.
 

Brann?

Godt at det berre var øving!!
Alle elevane ved skulen vår kom seg fort ut av skulebygningen etter at brannalarmen gjekk.
 

Besøk hos AaFK - 7. klasse

AaFK lanserte i 2009 "Prosjekt:MÅL". Med dette formålet ynskjer AaFK å bidra til betre og korrekte haldninger på øvste trinn i barneskulen, der respekt er hovudtanken. 7. klasse ved vår skule var på besøk den 4. mai -11, og fekk med seg verdifulle råd på vegen vidare.