Ungdata og Ungdata junior på Søre Sunnmøre
I tida fram til 22. mars blir
ungdataundersøkinga gjennomført i ungdomsskular og vidaregåande skular på Søre
Sunnmøre. Alle dei vidaregåande skulane og nesten alle ungdomsskulane er med;
Herøy ventar til neste år. Som dei første kommunane i fylket gjennomfører Vanylven
og Sande også Ungdata junior, som er ei liknande undersøking blant elevar i 5.
til 7. klassetrinn.
I begge undersøkingane blir det nytta kvalitetssikra,
standardiserte spørjeskjema. Elevane svarer på nett i skuletida. Svara gir eit
breitt bilde av korleis barn og unge har det, og kva dei gjer på fritida. Forskingsinstituttet
NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet og det regionale kompetansesenteret innan
rusfeltet (KoRus) har det faglege ansvaret, medan kommunane står for den
praktiske gjennomføringa i samarbeid med skulane.
Det er i alt 2769 elevar frå Søre Sunnmøre
som er påmelde til ungdataundersøkinga, fordelt på 1495 i ungdomsskulen og 1274
i vidaregåande. 154 elevar i 5. – 7. årstrinn deltek i Ungdata junior. Først
ute med ungdataundersøkinga var Vanylven, som gjennomførte i veke 7. Kommunen
gjennomfører Ungata junior i veke 12, medan Sande-elevane på mellomsteget
deltek første veka i april. Kommunane vil få resultata innan ein månad etter at
dei lokale undersøkingane er avslutta.