Småskulen arrangerte matematikkens dag 5. februar.
Elevane vart delte i 3 aldersblanda grupper. På ei gruppe brukte vi PC og var på pengebyen.no. På ei gruppe fargela elevane kinesisk egg, klipte ut delane og limde dei på kartong, symmetri var viktig på denne gruppa. Tangram hadde vi på ei gruppe. Elevane lagde figurar sjølve og etter mal. Elevane tykte det var kjekt med matematikk på ein annan måte.