Rektor:Sylvia Baade

Tlf: 70 03 03 71

INFO om Rådsorgana

KLASSERÅDET skal fremje interessene til klassen, og saman med lærarane og foreldra arbeide for å skape eit godt miljø ved skulen. Leiaren av klassen har som oppgåve å leie møta i klassen og møte i elevrådet. Kontaktlæraren er med på møta i klasseråd.

 

ELEVRÅDET skal fremje dei fellesinteressene medlemmane har som elevar i skulen, og føre arbeidet vidare til klasseråda for å skape eit godt miljø ved skulen.

Elevrådet er samansett av representantar for klasseråda og kontaktlærar for elevrådet. denne møter på møta og hjelper elevane med arbeidet i elevrådet.

 

FORELDRERÅDET skal arbeide for

 

-  byggje ut sambandet mellom heimen og skulen

-legge tilhøva til rette for at elevane skal trivast og utvikle seg

  skape kontakt mellom skulen og samfunnet

 

Klassekontaktane ved skulen dannar arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU)

SAMARBIDSUTVALET  er samansett av representantar frå elevar, foreldre,lærarar, andre tilsette i skulen, ein politisk representant og rektor. Samarbeidutvalet skal verke som eit rådgjeande ledd i skulesamfunnet. SU skal gje fråsegn og gjere vedtak i saker som er sendt frå skulen til Livsløpsutvalet m.m.

 

Fiskå skule