Som miljøagentar har dei plukka opp søppel og flasker som ligg slengt rundt om på skuleområdet. Tomflaskene har vi samla vi på klasserommet, og rett før haustferien hadde vi så mange flasker at det var på tide med ein tur til butikken for å pante.
Pengane vart brukt til saft, popcorn og chips. Dette kosa elevane seg med den siste timen før haustferien. I tillegg til godsakene som vart kjøpt for pantepengane, kunne elevane kose seg med quiz, "kino" på den digitale tavla og kake som dei sjølv har laga i mat og helse.
Det ser allereie lovande ut for neste kosetime, for nye tomflasker finn vi dagleg.