Tredje kvart år gjennomfører ungdomsskuleelvane tur til St.Jetmundsteinen. Opplegget skal femne om mange fag, og elevane "vandrar" gjennom ulike stasjonar i løpet av ein skuledag.
Elevane er godt førebudde til denne turen og dette opplegget.
Dei startar å gå mot Birkedalen der første stopp er ved bambustrea som veks ved elva. I år hadde vi fått Knut Øvreberg til å fortelje historia knytt til dette treet. Ein sjømann planta det for mange år sidan ilag med sypress som no ragar minst tre meter til vers.
Neste stopp er husa i Birkedalen, der Marit og Svein tek imot oss. Marit fortel om oldeforeldra sine som slo seg ned her, og besteforeldra som bygde det spesielle kvite huset. Byggeskikk frå Rjukan der bestefaren hadde hatt arbeid.
Deretter vert vi guida mot eit gammalt kvernhus der Svein er forteljar. Her skal elevane ta skisse av kvernhuset som dei skal jobbe vidare med på skulen.
På veg opp mot Kvilehytta skal elevane jobbe med plantar og tre. Dei skal bestemme namn på ulike artar og ta med ei lita prøve av desse.
Turen går opp til Bekslevatna der det vert grilling og matpause.
Inndelt i puljer går elevane mot St. Jetmundsteinen der Jermund Rekkedal møter dei i munkekappa si. Elevane er framleis lydhøyre og lyttar til sagnet om St. Jetmund.
Vidare nedover mot Åheim står Marte på ein stasjon. Ho fortel om heksebrenningar. Ottar og Knut står ved flymerket og har god utsikt over den svingete Åheimseleva. Dei tek elevane med tilbake mange tusen år og fortel om korleis dei ytre kreftene har skapt denne vakre eleva og landskapet rundt.
Tilbake på skulen dei neste dagane skal dette bearbeidast i dei ulike faga.