Personvern

Personopplysninger

Tur til St. Jetmund kyrkje

Tur til St. Jetmund kyrkje
Eit av kompetansemåla i RLE er at elevane skal kunne fortelje om ei lokal kyrkje. Vi nytta høvet til å besøkje St. Jetmund kyrkje. 

Vi hadde snakka og lese ein del om kyrkja på førehand, men hadde framleis ein del spørsmål som vi lurte på. Då vi kom fram til kyrkja stod Mariann Pettersen klar for å fortelje oss om segna om Kong Edmund og heile historia til kyrkja. Etterpå fekk elevane høve til å stille spørsmål.

 

Heilt til slutt fekk vi omvisning i kyrkja, og vi fekk sjå på alle tinga som vi hadde snakka om på skulen - preikestol, døypefont, alter, altertavle og alterring.