Personvern

Personopplysninger

GREASE

GREASE
Nok ein gong har 10.klasse fått det til!!
Det var ein fantastisk flott musikal/revy vi var vitne til på ungdomshuset under premieren!
Historia kort fortalt: Trude og Thomas treff kvarandre på Refviksanden om sommaren. Trude kjem frå Australia og skal ta til i 10.klasse. Her er fleire gjengar i denne klassa; ein jålete jentegjeng, ein jentejeng som er oppteken av å gjere det godt på skulen + vere heiagjeng til fotballaget på Åheim, ein gutegjeng som likar å mekke med mopedar og ein gutegjeng som driv idrett. Trude vert dregen mellom desse gjengane. Thomas er med i mekkegjengen og vil ikkje vedkjenne seg Trine når ho startar i klassa. Han må vere den tøffe i gjengen og Trine er ikkje tøff nok. Ein dragkamp mellom gjengane, om å vere seg sjølv, om sjalusi og kjærleik.
Trine og Thomas får kvarandre til slutt.
I tillegg til denne ramma, har regissør Marte med god støtte frå Malin lagt inn mykje lokalt stoff. Rektor Snurp og Konrad kontormann har artige roller, Skinnjakkegjengen frå Syvde møter skinnjakkegjengen frå Åheim. Idrettsmiljøet på Åheim vert trekt inn, nyttårsball med dansekonkurranse og mykje meir.

Framsyninga skal gå tre heile dagar til ende. Det er vel verdt å gå alle gongane, for dette var topp prestering:)

Kontaktlærar:
Annlaug Lianes