Personvern

Personopplysninger

Matematikkens dag

Matematikkens dag
Matematikkens dag har alltid vore arrangert i veke 6 og Åheim skule valde å halde på denne veka sjølv om den på landsplan er flytta til veke 11.
Stor aktivitet i 1.-4.klasse på tysdag og 5.-7.klasse på onsdag.
1.-4.klasse var inndelt i tre blanda grupper.
Ei gruppe laga papirfly. Desse vart farga og pynta. Nokre fekk namn etter ulike flyselskap. Uttesting av flya skjedde i gymsalen der eit av flya fauk over 11 meter.
Ei anna gruppe spela yatsy. Her vart kalkulatoren teken i bruk ved samanlegginga. Siste gruppa brukte PC og spela ulike spel. Eit av dei gjekk ut på å frakte postpakkar. Her var det om å gjere å fylle lastebilen.

Onsdag tre første timane hadde 5.-7.klasse matematikkens dag. Elevane var delt inn i aldersblanda grupper og skulle blant anna ha algebrakappløp, løyse sudoku og bygge eit byggverk med sugerør og plastalin.
Det  var ivrige og engasjerte elevar som arbeide med matematikk i ulike former denne dagen.
Mange kunne nok tenkt seg å få lage fleire byggverk, men med endå sterkare materiale.
(Sjå artikkel i 5.-7.klasse)