Personvern

Personopplysninger

9.september - VAL

9.september - VAL
Demokrati, val og politiske parti har vore tema i klasseroma våre dei siste vekene.
I dag er det val; både skuleval og verkeleg val for dei som har stemmerett.
Ungdomsskuleelevane våre hadde stemmerett ved skulevalet vårt.
10.klasse har jobba litt ekstra med valet og skulle finne ut kva dei politiske partia stod for. Elevane vart delte i grupper og skulle finne informasjon om sitt spesielle parti. På fredag skulle dei legge fram sitt politisk parti for 8. og 9.klassingane.
Alle fekk i oppgåve å fylgje godt med i partileiardebattar i media før dei skulle avlegge si stemme på mandag.
Her er valresultata for Åheim skule:

Kontaktlærar:
Annlaug Lianes