I løpet av skuletida skal elevane gjennom ulike typar kartleggingsprøver, det vere seg nasjonale-, karakterstøttande-, eller læringsstøttande prøver.
I venstremargen finn du informasjon som fortel meir om dei ulike prøvene.
Frå tid til anna vert skulen invitert eller utplukka til ulike undersøkingar for å kartlegge anna enn kunnskap, det kan vere seg informasjon om foreldre og vener, helse og trivsel, bruk av tobakk og rusmiddel, risikoåtferd og vald etc.
Skulen ynskjer også å kartlegge elevar i høve korleis dei har det på skulen, og har kvart år undersøkingar som har som mål å finne ut i kor stor grad mobbing er eit problem hos oss.
Heimen får informasjon før større undersøkingar skjer, og i somme høve er det mogleg å reservere seg frå å ta del. Vårt ynskje er naturlegvis at så mange som råd, helst alle, er med på slike felles undersøkingar, for at resultatet skal bli så reelt som mogleg. Når undersøkingane er anonyme, og blir gjennomført på nett har vi ingen moglegheit til å vite kven som har svara kva, så de skal vere trygge på at vi ikkje kan gå inn å sjekke ut kva den einskilte elev har kryssa av på. Resultata får vi tilsendt i ettertid, anonymisert. I undersøkingar som skal samle inn personidentifiserande opplysningar, har kommunen ansvaret for å sørgje for at det vert innhenta skriftleg samtykke frå føresette.
Har de spørsmål i høve kartleggingar, så er det berre å ta kontakt for meir informasjon.