Gratulerer med vel overstått revy: "Ka i alle dage?"!!!
To smekkfulle framsyningar med godt nøgd publikum!!
Her er det jobba godt for å levere eit fantastisk resultat. Dessverre tok vi ikkje lydopptak, for her var mange gode sangstrupar. Sjå likevel fotogalleriet.)
10. klasse-elevane ved Åheim skule hadde siste veka før vinterferien to førestillingar i Ungdomshuset på Åheim. Dei fekk mykje skryt frå vener og familie, etter ei sangrik, artig og kreativ framføring.
Elevane har jobba på i eit par gode vintermånader, for å kunne presentere "Ka i alle dage'?" for medelevar og sambygdingar. Meir enn 200 publikumarar fekk sjå og høyre dei utruleg flotte prestasjonane som elevane har fått til på så kort tid. Klassa har hatt det veldig kjekt saman i denne tida, og er glade for å ha fått oppleve å vere med på å lage til - og framføre ei slik førestilling.
Bildeserie