Klassen jobbar for tida iherdig med å lage ei forestilling, som vi vil syne fram i Ungdomshuset den 13. og 14. februar. Vi har foreløpig berre fått klargjort huset for den 13., men om det ikkje ordnar seg med den 14. får vi heller satse på to førestillingar dagen før, evt. satse på den 12. og 13 i staden.
Det viktigaste er at klassen i denne prosessen får ha det litt kjekt saman, og då treng vi nokre samlingar også i fritida. Vi har difor sett opp to øvingskveldar, der vi gjerne vil at dei heime også bidreg, både med mat og med hjelpande hender.
Vi har laga ei arbeidsliste, men om tida ikkje passar, eller de kan tenkje dykk å bytte oppgåve, så er det berre å bytte innbyrdes. De finn vedlagt ei liste over tenkt fordeling, men de må gjerne gjere endringar, slik at det passar betre for dykk.
Arbeidsfordeling:
10.kl - namn og telefon.2.pdfPlanen er at alt skal skje i Ungdomshuset, men vi må ta forbehold om at vatnet ikkje lenger er frose. Om dette ikkje er i orden er vi på skulen i staden.
Om de lurer på noko, kontakt Lena.