Så var turen komen til 10.klasse 2012-13!
Vi vart møtt med fint pynta gymsal og var spent på programmet.
Programleiar Tone-Lise og Lennart gjorde ein god jobb.
Først ute var heile klassa med ein sjølvlaga velkomssong etter melodi av "In the Jungel". Deretter Astrid-Eline og Emilie med sjølvlaga tekst til melodien "We are never, ever geting back together,". Sebastian med rokkeringen var neste innslag. Så "The boyband" med Kevin, Jon-Andre, Morten og Robin. Dei song " Yes man". Lennart og Henrik avslutta med ein sketjs om korleis ei bok skulle opnast.
Dette er forsmaken på revyen som kjem veka før vinterferien. Slett ikkje verst! Her er mykje å jobbe vidare på.
Etterpå var det mat. Gryterett m/ris. Deretter dans, Kåring av Dronning og Konge + beste kledd.
10.klasse kan vere stolte av eit flott arrangement
Bildeserie