Torsdag i veke 38 skulle 1. og 2. klasse på tur i fjøra. Ein tur alle saman hadde gleda seg masse til.
Meldingane for vêret var ikkje det beste i starten av veka, men vi satsa på at det ville betre seg til torsdag. Men nei!!! Regnet datt ned som berre det på morgonen, men letta litte grann like før vi skulle til å fare ned i fjøra. Litt regn tålar ein jo, så lenge man har gode og varme klede.
Vel nede i fjøra oppdaga vi at steinane var glatte og ganske så sleipe, så her måtte ein gå varsamt. Ikkje at det hindra elevane som hadde med seg bøtter og ville fange krabber. Og då kom regnet. Ikkje at det regna bittelitt, men himmelen opna seg og gav oss ein kalddusj av dei sjeldne. Små hender vart kalde der dei letta på steinar og leitte etter krabber og vi ”skrangla” oss tilbake til trea der sekkane stod. No gjaldt det å få i seg litt varmt og få skikkeleg varme i skrotten.
Sjølv ikkje pølse på termos, suppe eller snop kunne få varmen i oss, og då var det berre ein ting å gjere: gå tilbake til skulen! Vel inne på klasserommet fekk elevane på seg varme og tørre klede, deretter ordna vi til langbordet og tok ein god, lang og, ikkje minst, varm lunsj med snop attåt. Det var så populært at elevane meinte at dette kunne vi godt gjere oftare!!!
Så, sjølv om vi vart våte og kalde, hadde vi ein kjempefin tur med ei super avslutning.