Personvern

Personopplysninger

Og så er vi i gang att

Og så er vi i gang att
Skulestartveke med mykje varmt og fint ver. Dette måtte vi utnytte.
Ungdomsskulen fekk ein fin dag på Rota trass i litt gråver i starten.
Elevane vart køyrde opp til Almklov der dei gjekk opp til snuplassen ved Slivatnet.
Halvparten ville ha større utfordringar og sette kursen mot Lissjerøvsdalsnipa. Tåka var skummel, så det vart istaden stogg ved eit fiskevatn der fisken beit på.
Vi andre rigga fram stormkjøkken og eingongsgrillar. Pølser, nudlar, rett i koppen av ymse slag, pannekake og krede var god mat i litt hustre ver. Vi konstaterte at det ikkje var fisk å få i Slivatnet. Elvane såg ut for å like seg. Mange blide fjes og god stemning. Vi arrangerte stafett mellom klassestega; inga overrasking at dei eldste vann?

Kontaktlærar:
Annlaug Lianes