I år gjekk sommarturen for småskuletrinnet til Hakallegarden. Vi har gleda oss i lang tid til å besøkje Aina og alle dyra på garden.
Tysdag 12. juni var endeleg dagen her. Det blåste friskt frå nord og den store sommarvarmen var verkeleg ikkje tilstades. Men kva gjer vel det når det fyrste ein vert møtt av er ei smilande og blid Aina med dei søtaste, små kattungane ein kan tenkje seg?
Det vart tid til å kose med katt- og kaninungane, jage alpakkamor og -unge ut på jordet, finne egg, kakle saman med Konrad Kalkun, grille pølser, kjøpe litt på butikken, ri - og mykje, mykje anna. Då gløymer ein nordvesten og tida fyk avgarde.
Mange glade ungar på bussen tilbake til Åheim, med raude kinn, strålande auge og blide som eit busslast soler alle som ein.
Berre sjekk bileta, så ser de så kjekt vi hadde det!!!