Personvern

Personopplysninger

Karneval på småskulen

Karneval på småskulen

 

Fredag før vinterferie er det tid for karneval. Då kjem elevane på skulen, fulle av forventningar og posar fulle med klede til å kle seg ut med.

I 4. time var det mange spente og forventningsfulle elevar som kledde seg ut, fekk hjelp med sminke og pynta seg på alle baugar og kantar. Nesten heile timen gjekk med til å få på - og gjere dei fleste ukjennelege.
Deretter vart det dans; Koo tschi tschi og Cowboy på linja. Alle var med på å danse - og lære seg nye dansar. Elevar - og ikkje minst lærarane - vart varme og raude i andletet etter kvart!
Neste punkt på programmet var pølser og ein velfortjent pust i bakken, før det nok ein gong var dans. Her var det limbo, dansing etter "Traffic Cop", Lady Gaga, Michael Jackson og fleire. Sjølv lærarane var med på dansen i lånte parykkar.
Og så var det heile over - av med pynten og heim til ei heil veke med vinterferie!!!
Sjå på bileteserien, så ser de kor artig vi hadde det!