Eidså skule
tlf :  70030350
sfo: 70030355
fax: 70030359
e-post: jan.hanes@vanylven.kommune.no

 

Matte er gøy!

Matte er gøy!
Torsdag 9.2 gjennomførte vi Matematikkens dag ved Eidså skule. Dette vart ein kjekk og annleis skuledag.
Vi delte elevane inn i grupper på tvers av klassene. I løpet av dagen var dei innom fleire ulike "stasjonar". Vi prøvde mange ulike terningspel, t.d Yatzy, 3 på rad, Først til toppen. Vi spelte også litt Mil. Seinare hadde vi ei oppgåve med legoklossar, der vi skulle finne ulike fargekombinasjonar. Vi prøvde oss også på tangram og jovo-brikkar. På slutten av dagen var vi i gymsalen. Der hadde vi 3 på rad-stafett, Memory med tiarvener, og første mann til 50.

Ansvarleg for denne sida er Jan Haanes