Personvern

Personopplysninger

Det blå egget.

Tysdag 8. november kom Olla Rypdal på skulen og hadde teaterverkstad med 1. - 4. klasse i fire skuletimar.

Fyrstinne Ki Ho Nai er ond, grådig og herskesjuk. På slottet sitt har ho tenarar som ho kommanderer hit og dit. Dei spring det fortaste dei kan og utfører ordrene hennar. Dei bukkar så høvisk dei kan for fyrstinna, men bak ryggen hennar gjer dei narr av henne. Men fyrstinna har ein tenar som alltid er til å sstole på: Li. Li er snill og blid som dagen er lang - og hjelp fyrstinna med alt.

Fyrstinna sender soldatane sine ut over heile landet for å kreve inn skattar. Fyrstinna blir rikare og rikare, skattekjellaren fullare og fullare - og folket i landet fattigare og fattigare.

Men fyrstinna har eit problem...

Slik byrjar historia om Ki Ho Nai. Elevane fekk høyre heile historia, som både var overraskande og spennande.

Deretter fekk elevane dramatisere historia. Gjennom leikar, teaterøvingar, improvisasjon og enkle kostymer vart historia snart klar for framføring.