4. klasse skal gå på skule seks onsdagar i løpet av skuleåret, og 2. november var var dei på skule på ein onsdag for andre gong.
Den fyrste onsdagen vart brukt til tur i skogen for å studere det hausten har å by på av sopp, brune, gule og raude blad, og ikkje minst litt leik i skogen.
På slutten av dagen såg vi filmen om Ronja Røverdatter, boka hadde vi lese på førehand. Alle var einige om at det var ein kjekk skuledag.
Den andre onsdagen var datamaskin, internett og Power Point-presentasjon som stod på programmet. Dei siste vekene har vi lest og lært om ulike oppfinnarar, og no skulle vi lage ein presentasjon av desse oppfinnarane. Elevane fann informasjon og bileter på internett og i leseboka, og samla all informasjon i kvar sin Power-Point-presentasjon.