Personvern

Personopplysninger

ABC-SPEL, 1.OG 2.KLASSE ILAG

ABC-SPEL, 1.OG 2.KLASSE ILAG
På torsdag var 1.og 2.klasse ilag og spela ABC-spel. Her brukte vi ABC-boka til 2.klasse, blanda klassane og delte inn i grupper. Dette var eit  terningspel med alfabetet. Landa dei med brikken sin på bokstavane I-S-E-L-O-M, så skulle dei plukke bokstavane ut av den blå korga. Deretter skulle dei prøve å lage ord av bokstavane. Her var 2.klasse veldig flink til å hjelpe 1.klassingane. utrolig kjekt. Timen vart alt for kort, så vi skal gjere det meir!

Bildeserie