Haustturen i år gjekk til Bjørdalsvatnet. Vi gjekk opp til Røvehammaren og vidare forbi Vikevatnet. Siste kneiken var hard for nokre, men alle nådde målet vårt!
Ved Bjørdalsvatnet tende vi bål, koka kaffi og grilla pølser. Fisken beit godt for dei som hadde med fiskestenger og oter. Ferske krede steikt over bålet smaka godt!
Sjølv om det var tungt å gå i mykje vått gras og myr, var det ingen sure miner. Det var ein flott og positiv ungdomsgjeng som fekk oppleve kjekt friluftsliv denne dagen!