Personvern

Personopplysninger

Røvehammaren

Røvehammaren
Her har mange av 9.klasse-elevane leika, men det er ei stund sidan no...
Ei lokalhistorisk vandring gjennom delar av byggefelta hadde endestasjon på Røvehammaren. Her fekk vi høyre historia om Jon og Kirsti som var fødde då grunnlova vart til i 1814. Desse to fekk tre barn som vaks opp her; Eli, Jakob og Petrikke. Mor deira døde i barsel då Eli var 14 år, Jakob 10 og Petrikke 7år. Jakob vart fosterson i Sør-Kroken og arva den garden. Eli kom til Sør Hellebust  og Petrikke til Ytre Thunem.

Røvehammaren er ei perle!!! Her måtte vere fint å vekse opp. Likevel anar vi om mykje slit som ligg gøymd bak dei nedrivne hustuftene. Restane etter to hus og ein jordkjellar er att.

Ein fin ettermiddag der vi også kosa oss med grilla pølser, kjeks og tomatsuppe som hadde teke laaaang tid å koke.

Rektor:  Lars Jonasmo
lars.jonasmo@vanylven.kommune.no

70030381