O JUL MED DIN GLEDE
No er vi midt i førebuingane til førjulsfest.
Førjulsfestane har alltid vore ei fin oppleving både for liten og stor. Dei har tatt forskjellig form gjennom tidene, med forskjellige typar innslag. Men felles for alle er at det er elevane sjølve som står for underhaldninga.
I år vert det teaterframsyning av småskulen, og eit topp moderne og fengande innslag frå storskulen. Og sjølvsagt mykje meir, men det vil vi ikkje røpe her.
Set av tid til fest og samvær frå 18.00 til 20.00 onsdag 15. desember 2010!