Brannbilbesøk
Rovde Oppvekstsenter hadde 14. oktober besøk av brannmann og brannbil.
Oppglødde born både frå barrnehagen og skulen fekk helse på brannmann Lasse Rindal og sjå brannbilen. Dei fekk innblikk i kva utstyr som er på ein brannbil, og dei prøvde brannslangen.
Etter ein meir teoretisk leksjon fekk borna, fulle av fryd, vere med ei lita runde i brannbil, og det sjølvsagt med fulle sirener og blålys. Rindal avslutta besøket ved å gje ei innføring i bruk av brannsløkkingsapparat.
Det vart ein spanande og lærerik dag på Rovde Oppvekstsenter!