TV 2 og Maria Parr
Torsdag 11.mars fekk vi besøk på skulen av Maria Parr og eit team frå TV 2.
Det vart gjort opptak av 3. og 4. klasse medan Maria las for dei. Maria har fått endå ein pris. Denne gongen er det kritikarprisen, og det var i den anledning at TV 2 ville ha eit innslag om henne i Lørdagsmagasinet 27. mars.
Det skal sjølvsagt dreie seg mest om eit intervju med Maria, men elevane frå Eidså skule får altså ein liten plass i dette programmet. Spennande!