Fosnavåg 05.10.2009
Mandag var vi i Fosnavåg ilag med ca 700 barnehagetilsette frå 7-stjerna. Etter eit år med utviklingsarbeid/kompetanseheving innanfor områda "lærerik leik", "mat og rørsle", "IKT" og "språkutvikling", møttest vi til avslutning. Ca halvparten av dei 60 barnehagene som har vore med på prosjektet, hadde stand -der dei viste fram kva dei har jobba med. Åheim barnehage var ein av barnehagane som var valt ut til å vise fram sitt prosjekt: "mat under open himmel og på tur". -Standen vår var godt besøkt heile tida, noko vi sjølvsagt er veldig stolte av:-) I tillegg fekk vi høyre foredraget "endelig mandag", av Karin Fevaag Larsen. Veldig inspirerande dag!