Takk for eit lærerikt og kjekt besøk ved North Cape Minerals avdeling Åheim!!
Vi vart godt mottekne av Grete Brobakke og Alf Teigen som synte oss rundt i bedrifta. Vi fekk sjå kvar olivinmassen kom inn til anlegget via den 4,2 km lange tunnelen, vart knust og sortert i fem ulike knusemaskiner. I støypeavdelinga fekk vi orientering om korleis sanden vart pressa til steinar og brent i den store omnen. Vi fekk sjå robotar i aksjon på pakkeavdelinga og truckar som sende dei ferdigpakka pallane med olivinstein til frakting for eksport.
Omvising og orientering i dei to verkstadane, og omvising i laboratoriet. På kvar avdeling fekk vi kjennskap til utdanning og yrke vi kunne velje dersom vi ville arbeide i bedrifta.
Takk for gode muffinsar, brus, kaffi og flotte suvenirar!!
Vi skulle berre hatt meir tid!