Rovde skule
6141 Rovde
70 03 03 30
70 03 03 33

Rovde barnehage
6141 Rovde
70 03 03 35

E-post

 

Vellukka skidag

Fredag 2. februar var storskulen på Harpefossen på skidag.

Veret var ikkje det beste då vi starta heimanfrå, men på Harpefossen vart det etter kvart fint vinterver med både sol og godt føre. Rikeleg med snø var der også. Alle kosa seg i bakken og der var mange andre også. Vi hadde matpause i varmestova, men det var for kjekt i bakken til å ha for lang pause. Sjølve bussturen var også fin, god stemning med både sang og moro. Sikker og flink sjåfør var Per Bjørn Kammen. Loyd Myrvoll var også med. Ein kjempekjekk skidag. "Dette må vi gjere oftare", var elevane einige om.

Rovde Oppvekstsenter heidi.knardal@vanylven.kommune.no Tlf skule: 70 03 03 30 Tlf bhg.: 70 03 03 35