Rektor:Sylvia Baade

Tlf: 70 03 03 71

Ordensreglar

ORDENSREGLAR FOR ELEVANE VED FISKÅ SKULE.

 

 Skal skulen bli ein trygg og triveleg plass å vere, treng vi ein del reglar som vi må følgje.  

   Desse handlar stort sett om god folkeskikk, men ein del er vi pålagde frå sentralt hold.

1. Vi er høflege og greie mot alle – både elevar og vaksne.

     Kalling og banning høyrer ikkje heime på skulen vår.

 

2. Vi møter presis når skulen tek til og  til den enkelte time utover dagen.

    

3. I friminutta rettar vi oss etter dei som har vakt og forlet ikkje skuleområdet utan løyve.

 

 4. Fotball av ler brukar vi berre på grusbana og i ballbingen.

 

5. Vi brukar ikkje syklar, rulleskøyter eller skateboard på skuleområdet i skuletida/sfo-tida.

    Elevar som syklar til og frå skule må ha hjelm.

 

6. Vi kastar ikkje snøball, stein eller andre farlege gjenstandar. Snøball skal berre  

     kastast på blink oppsett av skulen og på tilvist område.

 

7. Vi tek ikkje ytterklede inn i klasserommet, men hengjer dei fint opp i gangen.

 

8. Vi tek ikkje med oss noko slags snop eller tyggegummi på skulen.

 

9.  Bruk av mobiltelefon, Ipod eller andre elektroniske spel er ikkje tillate på skulen.

     Skriftleg melding frå føresette kan ved visse høve gje dispensasjon frå denne regelen når

     det gjeld mobiltelefon. Skulen kan ikkje ta ansvar om ein telefon eller andre elektroniske

     apparat blir øydelagd eller stole.

 

10. Røyking og bruk av rusmiddel er forbode på skuleområdet.

 

11. Vi tek vare på alt som høyrer skulen til. Dersom nokon med vilje eller grov aktløyse   

      skadar materiell av noko slag, t.d. skulebøker, er eleven vederlagspliktig.

 

12. Når ein elev bryt ordensreglane eller andre reglar for god folkeskikk,

      kan skulen nytte refsingstiltak. Eleven skal alltid ha høve til å forklare seg og vite om når

      det vert nytta tiltak.

 

  I.    Eleven får irettesetjing.         

 II.   Ved gjentekne brot på reglane kan strengare tiltak bli brukte og heimen skal kontaktast.

III.  I visse høve kan eleven bli bortvist frå enkelttimar eller resten av dagen. Rektor tek 

        avgjerd om bortvising.

1V.   Viss mobiltelefon blir brukt ulovleg, blir den inndregen og må hentast på

        kontoret til rektor ved skuleslutt.

 V.    Ved grove og gjentekne brot på reglane kan eleven verte overført til annan skule i           

        kommunen.  

       Føresette skal alltid varslast når det gjeld punkta  II,III,IV og V.                                                                                                                                                             

 

Fiskå skule