Avgang 2015
10.klasse er ein sporty og positiv gjeng på 13 elevar, 6 gutar og 7 jenter og det er Ottar som er kontaktlærar. Vi skal no starte på det siste og det viktigaste året ved Åheim skule.
På denne sida vil de finne arbeidsplanar, fagplanar, arbeidsoppgåver og nokre bilete. Dette skuleåret er hektisk; ved sidan av ei krevjande undervisning skal vi på mange besøk utanfor skulen, m.a ved fleire vidaregåande skular. Dei mange talenta i klassa skal få utfolde seg og sette opp ein musikal- vi gler oss alt! Vi skal på ein avslutningstur heilt mot slutten av året, så vi har mykje å sjå fram til!