Personvern

Personopplysninger

Skuleavisa

IPad-ar til 1.-4.klasse
Stor dag på Åheim skule!!
I dag fekk vi besøk av ordførar Lena som delte ut IPad-ar til alle elevane våre i 1.-4.kl. Dette var nesten som å få besøk av julenissen!! Sjå elles omtale i Synste Møre veke 43.

 Bildeserie

→ Les mer

Skulejoggen 2017
Imponerande innsats av elevane våre! Her vart sprunge både 10 og 15 runder til inntekt for skulegong til barn i krig og konflikter.

→ Les mer

Overnattingstur 7.kl
Tur til Hakallestranda med overnatting i lavoar, omvisning på oppdrettsanlegget til Marine Harvest, besøk på Hakallegarden og ikkje minst mange gode sosiale opplevingar for elevane i sjuande klasse.

 Bildeserie

→ Les mer

Tine-stafetten 2017
Tinestafetten 2017 - Åheim stilte med seks aldersblanda lag frå 5.-10.kl og sprang stafett rundt bana. 1.-4.kl var begeistra publikum!
Deltakarane fekk t-skjorter og brus for god deltaking. Eit samlande og kjekt tiltak som skulen har teke del på dei siste åra.

 Bildeserie

→ Les mer

Batterijakta 4.klasse

GRATULERER MED FØRSTE PLASS I KONKURRANSEN i den tredje veka.

Alle 4.klassingane i heile landet er invitert til å samle inn batteri i perioden 3.- 28.mars. For kvar veke vert det lyst ut ei konkurranse i høve eit gitt tema. Den andre veka  kom våre 4.klassingar mellom dei ti beste. Denne tredje veka vann dei!
 

 Bildeserie

→ Les mer

Bygdafest 2017
Veldig kjekk Bygdafest på sjølvaste Valentins-dagen!! Gode elevinnslag, god matpause med god prat rundt borda, lynlodd og trekking av loddbok slik ein tradisjonell bygdafest skal vere! Eit flott samarbeidsprosjekt mellom FAU og skulen! 

 Bildeserie

→ Les mer

Klassequizen 2017

Opptak av NRK i dag og sending i morgon den 26.01 kl 15.10. Slå på P1 og følg med!! Pizza til gode deltakarar og resten av klassa for god deltaking både i førebuingane og i gjennomføringa.

Juleavslutning
Fin juleavslutning på skulen vår med gang rundt juletreet som siste programpost. To gode programleiiarar losa oss trygt gjennom flott program. Skulen ynskjer med dette god jul og godt nyttår!

 Bildeserie

→ Les mer

Nissemarsj
Nissemarsj mot Klungreholmen og tilbake til skulen der graut for nokre og kakao for andre venta. For mellomtrinnet vart det også tid til gang rundt julegrana i sentrum der " Det lyser i stille grender" ljoma utover bygda.

 Bildeserie

→ Les mer

Skulejoggen 2016

Skulejoggen 2016 - eit populært tiltak der elevane får utfolde seg fysisk samtidig som dei er med og støttar arbeidet som SOS-barnebyar gjer for barn på flukt.

 Bildeserie

→ Les mer

Leirskule

Glade 8. og 9.klassingar tilbake frå kjekt leirskuleopphald i Stryn. Vi er mektig stolte av dei gode ambassadørane frå skulen vår!!

 Bildeserie

→ Les mer

Dugnad

Felles dugnad onsdag den 25.05 og torsdag den 26.05.

Tida er frå 18.00-20.00, men du kan gjerne vere fleksibel på tida di.

Vi må ta felles dugnad når det er fint ver og veit at det er kollisjon med mange andre ting denne veka. Om det ikkje høver for deg desse dagane, kan du utføre di oppgåve ein annan dag.

Idrettsdag 2016
Vel gjennomført idrettsdag - i år på "heimebane"! Kule, liten ball, 60 m og lengde vart unnagjort før matpausen. Denne vart holdt i tribuna. Ekstra påfyll med pølse og saft. Populære stafettrunder på slutten av dagen. Sol, varme, sommar og glade elevar:)

 Bildeserie

→ Les mer

Rektor:  Lars Jonasmo
lars.jonasmo@vanylven.kommune.no

70030381