Personvern

Personopplysninger

Arbeidslivsfag

Arbeidslivsfag - forsøk med nytt praktisk fag på ungdomssteget.

I skuleåret 2010-2011 vart over 80 kommuner med totalt 130 skular med i eit nytt forsøk med eit nytt praktisk fag på ungdomssteget.
Vanylven kommune er ei av desse kommunene. Vi er representert med to skular; Myklebust skule og Åheim skule.

Timetalet i faget er likt med framandspråk og engelsk fordjuping og val av arbeidslivsfag er lagt opp mot desse faga.
Elevane skal jobbe praktisk med arbeidsoppgåver henta frå vidaregåande opplæring tilpassa ungdomssteget.

Skulane i Vanylven har i skuleåret 2010-11 valt å arbeide innafor desse utdanningsprogramma i vidaregåande skule:
Myklebust skule: Naturbruk og Helse- og sosialfag.
Åheim skule: Bygg- og anleggsteknikk,  Elektrofag og Teknikk og industriell produksjon.

For skuleåret 2011-12 har begge skulane valt å tilby faget til dei nye 8.klassingane.
Myklebust skule let 9.klasse arbeide innanfor utdanningsprogramma Bygg- og anleggsteknikk og Restaurant- og matfag dette skuleåret.
Åheim skule har valt Design- og handverk og Helse- og sosialfag.